Hellesøydagen 22. juni 2024 vart ein kjekk og innhaldsrik dag for store og små! Takk til alle deltakarar, besøkande og sponsorar. Velkommen tilbake neste år, omlag på same tid!
Hellesøydagen er et årlig arrangement på Hellesøy nord i Øygarden kommune. Det er en marked- og aktivitetsdag med tilbud for store og små.
Kunst og skodespel i butikken
Møt Hellesøy sine eigne kunstnarar; Roger Johnsen og Rigmor Svellingen. Kanskje du får lyst til å kjøpa ein stemningsfull akvarell med skjergardsmotiv, eit smykke med ein vakker slipt stein eller fin vevnad.
Her vert det óg skodespel kvar heile time frå kl. 11.00: "Dykjing på butikken". Skodespel i tre aktar frå tre ulike tidsbolkar.
Marknad
Stort telt med salgsbodar – husflid, smykke, biletkunst, knivar, trearbeid, honning, lefse og mykje meir!
OBS! Sjekk også www.facebook.com/Hellesøydagen
Aktiviteter for born
På Hellesøydagen skal borna ha det kjekt!I tillegg til leik i nærmiljøparken, vert det kanopadling, småkrabbefiske, ansiktsmaling og lykkehjul. På kafeane sel me is og anna godt.
Delta i lotteriet med VIPPS
Mange fine gevinstar. Mellom anna kan du vinna gratis leige av Hengjo. Det kostar kr. 2 pr. lodd og kr. 50 for ei side i loddboka. VIPPS til 512037 og merk med Evy. Trekning i Aktivitetshuset kl. 15.00 på Hellesøydagen.
Kveldsprogram i Hengjo.
19.00 - 23.45.
Kulturkveld med historieforteljing. Konsert med Olaug og Terje.
Tradisjonen tru så vert det ein triveleg kulturkveld i Hengjo som avsluttar Hellesøydagen. Klikk i overskriften, så kjem du til ticket.co og kan kjøpa billettar.
Arrangementet er et samarbeid mellom NMU (Nærmiljøutvalget i Bakken krins), org.nr.:897472112 og Hengjos Venner org.nr 912737748.
Hellesøydagen gjennomføres ved hjelp av dugnadsinnsats og overskuddet skal gå til tiltak i nærmiljøet; f.eks. ny parkeringsplass for Hengjo m.fl, turstier, gapahuk ved nærmiljøparken mm.